Historiske spel
Bondebryllaupet Holdagen blir frå år til år bygd opp rundt desse historiene:
Torkjell Juven: Du har kanskje høyrt om Munckhausen, den tyske baronen som fortalte dei villaste historier om kva han hadde opplevd på sine reiser i Europa?
I Ustedalen vest for Geilo budde for mange år sidan ein bonde som heitte Torkjell Juven. Han er det mange historier etter som viser at han også hadde ein frodig fantasi og var ein god forteljar. Men han kan også nesten sjåast på som ein visjonær kar også. Han fortalde lenge før nokon her oppe hadde høyrt om tog at det ville koma noko slikt gjennom Ustedalen i framtida og han drøymde som så mange andre også om å kunne flyge slik som han såg fuglane gjorde. Og han ikkje berre tenkte på det, han gjorde det også – det kan du oppleva å sjå på Holsdagen i eit av tablå som blir vist der år om anna.
Blank- Ola: Blank-Ola vart kalla så fordi han så å si alltid gjekk i bunad og hallingbunaden for karfolk har mange sylvknappar som blenkjer i sola – derfor bekk Ola tilnamnet Blank – Ola. Han heitte egentleg Ola Tolleifson Upsata, var fødd i Ål, men mor hans vart som enke gift til Øvremyro i Hol der han då vaks opp og er derfor ofte kalla Myreguten. Han vart tidleg kjent som ein kraftkar og gjekk sjeldan av vegen for ein slåsskamp som var den tids måte å vise at ein var noko til kar.
Han dreiv mykje som handelskar og for i den samanhengen mange gonger til Vestlandet (eller nordafør som dei sa før fordi Vestlandet låg mor nord etter deira måte å avnvise retningar på – oppover i dalen er nord). Her kom han eingong i ein duveleg slåsskamp på marknaden i Sogndal og drap i den kampen ein mann. Oppgjeret med futen vart noko spesielt, og det blir vist i dette tablået.
Blank–Ola er ellers ein kar mange oppdagar at dei er i slekt med fordi han var ein jentefut av dei store og fekk ein del ekstra ungar av den grunn omkring i bygdene. Han vart gift med Ragnhild Villand etterkvardt. På stølen Kløkk på HOlsåsen står det ein stein som tidlegare har lege nede og fungert som salgsstad for Blank Ola fordi han sat der og selde hestar. Steinen står like inntil den gamle Kyrkjevegen mellom Vats og Hol som i eldre tider hadde felles kyrkje i Hol gamle kyrkje.
Blank-Ola kan du oppleva på Holsdagen!