Til minne om Svein Inge
Svein Inge Øen vart brått riven bort av koronaviruset våren 2020.
For Holsdagen var Svein Inge ein svært viktig person. I svært mange år var han med og drog arrangementet ved at han aktivt tok del i både planlegging og gjennomføring. Det kunne nok butte mot for oss innimellom når me arbeidde med Holsdagen, men Svein Inge var den som alltid såg moglegheiter i staden for hindringar.
Positiv og smilande alltid og med JA til svar på alle utfordringar han fekk. Me kjem til å sakne han stort i det vidare arbeidet med Holsdagen, men minnene om den positive Svein Inge vil også hjelpe oss vidare. Våre tankar går ofte til familien hans i desse dagar.
Med respekt for det Svein Inge betydde for Holsdagen tek me ei pause i 2020. Gjeldande restriksjonar gjer det også vanskeleg å planlegge gjennomføring av eit slikt arrangement. Me sjåast att den 31. juli 2021
For Holsdagsnemnda
Knut Medhus
leiar
Svein Inge Øen
1952 - 2020
Foto: Bjørn Furuseth